Maihaugen Museum

“Grunntonen mellom oss”

Maihaugen

“Grunntonen mellom oss” Av Arve Henriksen

Mine slektsrøter på morsida har feste i Ottadalen, nærmare bestemt i Lundagrende i Bismo. Min oldefar Ivar Huuse Randen var skysskar og frakta tømmer og varer med hest og vogn rundtom i Otta-og Gudbrandsdalen. Kjærleiken ville det slik at min bestefar Otto Randen skulle møte strynejenta Elianna Skåre på Ofossen mølle i Bismo. Otto flytta med ho over fjellet vestover. Mot Oppstryn og Stryn bar det, og etter mange år skulle eg få liv og etterkvart få sjå og oppleve dalføra som låg bakom Strynefjellet mot aust.

Eg kjenner framleis den dag i dag på den eksotiske følelsen eg hadde som barn av å køyre mellom skyhøge brøytekanter over gamle Strynefjellsvegen, og snart på vår veg austover kome til Grotli, Pollfoss, Lom, Vågå og Otta. Historia om, og mitt bilete av at Skjåk var like tørr som Sahara måtte eg på eit vis moderere litt etterkvart, men at Otta hadde tog med kobling til Trondheim og sjølvaste hovudstaden Oslo og vidare ut i verda, vart nesten uverkeleg å forstå for ein liten gut frå Fagre Stryn.

Eg har ikkje tal på alle dei gongane eg har reist gjennom Ottadalen og Gudbrandsdalen gjennom livet, og alltid på desse reisene har eg hatt med meg ei undring og ei spesiell kjensle for denne regionen. Natur, kultur, arkitektur og dialekt er unikt her og alt dette ligg altså til mi slektshistorie.

Med dette som bakteppe vart det svært spennande å komponere denne musikalske reisa. Ekstra stas å jobbe med dikt av Tor Jonsson. Destilert poesi med grunnstemningar som verkeleg rører djupt i oss. Eg har hatt med meg tanken på å komponere musikk til Jonsson sine dikt i nokre år, og no fekk eg altså denne fine invitasjonen. Mitt ønskje har vore å veksle mellom ulike stemningar slik eg kjenner og ser landskapet. Veksling i fargar og topografi, kanskje ei slags tidsreise, men utan å vere redd for nye klangar og impulser utanfrå.

Felles i mi oppleving av dalføra i regionen er min fascinasjon av elvane som renn her. Dei ulike nyansane i fargen på vatnet. Oftast tunge mørke blågrøne med ei sterk kraft og som på ein måte representerar ein undertone, eller grunntone i landskapet. Stadig på reise mot lavare terreng, men som heile tida er der og held på dirrande grunntonen for oss, mellom oss. Mot slutten av verket høyrer ein i det fjerne kyrkjeklokkene frå Nidarosdomen som lokkar oss nordover mot det storslagne Rondane. For meg lokkar klokkene meg inn i ei tidsreise som ikkje berre stoppar i Trøndelag, men som óg dreg meg langt nord til mine kvenske familierøter på farsida i Nord-Norge.

Under prosessen med å lage musikken gjekk tankane til eit opphold på fantastiske Rudi gard i sommar, der eg tilfeldigvis kom i kontakt med ein vandrande pilgrimsfamilie på veg frå Tyskland til Trondheim. Eit sterkt møte og påminning om det å ta konvensjonelle vandringsvalg i ei moderne digitalisert verd, og at vi her i landet treng impulsar og lærdom frå mennesker frå andre land. Pilgrimsfamilien følgde den gamle leden gjennom dalen mot nord, og i det fjerne kunne dei óg etter ei stund få oppleve klokkeklangen med grunntonen som for mange kan opplevast som eit symbol på kjærleik og død i ei stillare verd.

Author: Arve Henriksen

Musician

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: